Norsk folkedikting litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv
Beskrivelse
Folkedikting er eit samlebegrep for fleire genrar som spring ut av munnleg song- og forteljetradisjon. Sjølve nemninga vart til under romantikken da folkediktinga vart skriven ned, men den munnlege tradisjonen går mykje lenger attende i tida.
Boka diskuterer på kva måte folkediktinga knyter seg til litteratur- og kulturhistoria, og gir ein grundig presentasjon av dei viktigaste folkediktingsgenrane. Dessutan analyserer boka ei rad folkediktingstekstar, språkleg og tematisk, med hjelp av aktuelle tilnærmingsmåtar.
Lesaren får svar på spørsmål som:
- Kva handlar undereventyret eigentleg om?
- Kva er samanhengen mellom kong Håkon Håkonsson og norsk folkedikting?
- Kvifor finn vi ofte danske ord i norske balladar frå 1800-talet, og norske ord i danske balladar frå 1500-talet?
- Kva meiner Henrik Ibsen med dramatitlar som GENGANGERE og FRUEN FRA HAVET?
Boka vender seg til studentar i norsk (nordisk) ved universitet og høgskolar og norsklærarar på alle nivå i skolen. Studentar i folkloristikk og kulturfag vil også ha nytte av boka, og den vil glede alle lesarar med interesse for folkedikting og kulturhistorie.
Olav Solberg er professor i nordisk litteratur ved institutt for nordistikk og litteraturvitskap, ved Universitetet i Oslo. Han har tidlegare publisert DEN OMSNUDDE VERDA. EIN STUDIE I DEI NORSKE SKJEMTEBALLADANE (1993), TEKST MØTER TEKST. KRISTIN LAVRANSDATTER OG MELLOMALDEREN (1997) - og fleire andre arbeid om litterære og kulturelle emne.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 260 s.
- ISBN
- 82-456-0740-1, Nkr 202.00, (h.)
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Ledig |