Den framande byen : ein roman om Wilhelm Reich
Bok
Ledig

Den framande byen ein roman om Wilhelm Reich

Den framande byen : ein roman om Wilhelm Reich
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1999

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

Den framande byen fortel om den omstridde psykiateren Wilhelm Reich som måtte flykta frå Hitlers Tyskland i 1934 og oppheldt seg i Oslo dei neste fem åra. Her vart han fort ei sentral kraft blant venstreradikale kunstnarar og vitskapsfolk, som Harald Schjelderup, Sigurd Hoel og Nic Waal.
Romanen byggjer på biografiske fakta såvel som stor innsikt i tenkinga og forskinga til denne Freuds arvtakar og opponent innan den psykoanalytiske rørsla. Den viser Reichs forhold til vennene som samstundes var pasientar, til elskerinna Elsa Lindenberg, og til det arbeidet han kjende som eit kall. Boka skildrar òg den konfliktfylte bakgrunnen og oppveksten hans i Bukovina fram mot første verdenskrigen.
Notidsplanet spenner over dei første fire månadene i Noreg, men like viktig for romanen er den bogen i forteljinga som visker kva for smerte som kan få menneska til å søkja ei større smerte, og, med Reich eigne ord, til å verta pansra, til skilnad frå fri og forløyst.
Kva var det som gjorde at Reich, trass i sitt skarpe blikk og strålande terapeutiske evner, enda opp som einsam, jaga og forpint, også i Oslo?
Med eit gjennomgripande og særprega litterært grep om dette stoffet, har Lars Aamund Vaage såleis skrive ein roman som i like stor grad handlar om dei allmennmenneskelege vilkåra for eksistensen.

Flere opplysninger

Sjanger
Romaner
Antall sider
389 s.
ISBN
82-7094-790-3, Nkr 320.00, (ib.)
Form
Roman

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig
Slemmestad Voksenavdelingen Ledig